Arrangør: Voss Hundeklubb

Hvor: Voss

Når: 08. – 10. august

Kontaktinformasjon

Stevneleder: Siv Jøssang Shields, Tlf 971 92 603 E-mailadresse: chiro@online.no

Hjemmeside Voss hundeklubb: www.vosshundeklubb.no

Hjemmeside NM 2019: www.nmbrukshund2019.no

 

Vilt, Vakkert, Vått og Rått!

Gjer deg klar til NM i brukshund 2019 på Voss!

Voss er ei lita bygd på ca. 13 000 innbyggjarar. Likevel likar vossingene å seie «Verda er vid, men Voss er vidare» noko som kanskje gjenspeglar seg i ei høveleg mengd sportsaktivitetar som rekk få OL greiner til ekstremsport. Hestesport har stått sterkt her i alle år, men hundesport har hatt ein ganske lav aktivitet med begrensa kunnskap.

Voss Hundeklubber ein liten klubb som vart starta i 1978. Me jobbar mot å auke interessa for hundesport og godt hundehold i bygda og har sett fin vekst dei siste åra med eit medlemstal som nettopp har nådd 200. Dei fleste medlemmane nyttar hundane sine som turkameratar og familiemedlemmar, men fleire trenar lydnad, agility, bruks og jakt på jamn basis. Nokre konkurrerer i desse greinene og i tillegg driv fleire med utstilling og avl. Kursverksemda er stor, der klubben arrangerer alle typar kurs for hundeeigarar på alle nivå.

Voss Hundeklubb har også arrangert mange stevner siste åra. Så langt har klubben stått for offisielle stevner i både agility, lydnad, spor, rundering og blodspor samt MH og karaktertest. Klubben sine største arrangement er NM for brukshunder i 2009 og Nordisk Meisterskap for brukshunder i 2012, og no slår me til igjen ved å på ny arrangere NM i bruks i 2019 saman med NBF.

For brukshund sport har Voss store terrengområder å ta av. Terrenget er tildels utfordrande då Vestlandet er både bratt og myrlendt, men det gjer det spennande og jobba i. Så vær beredt😁.

Teknisk ansvarlege er:

Stevneleiar: Siv Jøssang Shields

Lydighet: May-Britt Kobbeltvedt

Felt: Terje Sandstå

Spor: Siv Jøssang Shields og Gunnvor Rogne Nilsen

Rundering: Malvin Hårklau